Takk for eit fantastisk oppmøte ved opninga av Hanstveitholmen!

Takk for eit fantastisk oppmøte ved opninga av Hanstveitholmen!🥳 Med heile 250 personar!
 
 
Området vart offisielt opna av ordførar Lars Fjeldstad som «klypte snora» og musikkinnslag frå Fotlandsvåg Musikklag.
 
 
Hanstveitholmen har vorte eit utruleg flott område, som resultat av eit vellukka prosjekt i samarbeid med Fotlandsvåg LivOGLyst og Osterøy kommune. Tilretteleggjinga av friluftsområdet har ei kostnadsramme på om lag 2,5 mill kroner, som BOF har stått for, i tillegg har LivOGLyst lagt ned heile 700 dugnadstimar. Driftsansatte i BOF har gjort ein fantastisk innsats i utbyggingja av friluftsområdet og me er stolte av å endeleg kunne vise det fram til dykk!
 
Hanstveitholmen har alt du skulle ønskje deg. Frå universell tilkomst (med følgje), gapahuk, grillplass, utetoalett og benkar til sandstrender, aktivitetsområde, og gode høve for bading, hengekøye og telting.
 
 
Me gler oss over at så mange ønskja å stille på opninga, og me ser fram til at endå fleire vil nytte seg av friluftsområdet!😃
 
 

Legg igjen en kommentar

%d bloggere liker dette: