Horgo

0 Anmeldelser

Rated 0 out of 5.
Skrive en omtale
Våningshuset på eigedommen kan leigast etter avtale med Friluftsrådet. På grunn av brannforskriftene vert huset ikkje leigd ut til fleire enn ni personer. 
  • Huset har innlagt kaldt vatn, men ikkje straum.
  • Vatnet er ikkje godkjent som drikkevatn, hugs å ta med vatn til eige bruk.
  • Ta med sovepose, det er ikkje dyner og puter.
  • På kjøkkenet er det kokeplate og kjøleskap med propangass, kokekar og dekketøy.
  • I stova er det vedomn og ei lita parafinomn. Vi rår til å ta med ved, parafin og stearinlys til eige bruk.
  • Ei større grill er tilgjengeleg for dei som leiger huset. Hugs å ta med grillkull og tennvæske.
  • I perioden 15. oktober til 15. april er hytten vinterstengt.
Horgo er ei naturskjønn øy med fleire lune bukter ut mot storhavet. Friluftsområdet er eit tidlegare småbruk på totalt ca. 60 dekar inn-og utmark. Friluftsrådet overtok forvaltninga av området i 1988. Flytebryggje og informasjonstavle for friluftsområdet, sør i Austrevågen. Følgj sti frå kaiplass fram til huset. Friluftsrådet og dei som leiger kystledhuset, har rett til å disponere ein plass ved flytebrygga i Austrevågen. Rommeleg og god hamn i Vestrevågen, med fortøyningsbolter og gode ankringstilhøve. Privat flytebryggje. Vanskeleg innseiling når sjøen står på frå vest og nord vest. Villsau beiter på øya og er med på å holde kulturlandskapet i hevd. Vis omsyn til dyra, dette gjeld spesielt i lamminga i midten av april måned. Hundar må haldast i band! Utanom friluftsområdet er Horgo i privat eige. Gjestar må ta omsyn til dette og respektere private eigedomar.

Pris frå: kr500 pr. døgn

Detaljer

Tilgjengelegheit

Reservasjonsskjema

Påkravde felt er merka med *



Reserve of 1 available accommodations.

Horgo er tilgjengeleg for valgt periode.

0 Anmeldelser

Rated 0 out of 5.
Skrive en omtale

Review "Horgo"

Det er ingen anmeldelser ennå.