Regler og informasjon
- Booking
Sandholna
REGLER - LEIE AV HYTTA I SANDHOLNA, ARBORETET - (KL. 10:00 - 22:00)
Leige av hytta i Sandholna er frå kl. 10:00 fram til kl. 22:00 (sjå faktura for leigedato). Framleige av huset er ikkje tillete. Prisen er kr. 850,- per dag. For detaljert informasjon om Sandholdna regler. Se informasjonen under i forkant og under opphold.
Historie om huset
Tilhørte en gård
Området ved Sandholna tilhørte opprinnelig gården til Nils Møllerup på Minde. Tidlig på 1930-tallet solgte han eiendommen til fotograf Einar Helgesen, som var født i Bodø i 1893 og flyttet til Bergen 25 år senere. Da han døde i 1975, overtok daværende Fana kommune Sandholna, som i dag eies av Bergen kommune og driftes av BOF.
Da BOF overtok driften her, hadde fotograf Helgesen allerede gjort en stor innsats, både med gangvei bortover til steinhuset han fikk bygget, og den fine steinbroen over til holmen. Området er betydelig oppgradert de seinere årene med utbedring av badepollen, hytten og toalettbygget.
I forkant:
Nøkkel
Nøkkel til bom og hytte ligg i digital nøkkelboks ved inngangen til hytta. Kode til boksen må bestilles fra BOF. Husk å oppgi dato og navn ved bestilling av kode. Hugs å legge nøkkelen på plass i boksen ved avreise.
Vakthold og bråk
Leigetakar er sjølv ansvarleg for vakthald under arrangementet og må sjølv ta ansvar for å ta hand om bråk frå utanforståande, som måtte hemme/hindre avvikling av arrangementet.
Avbestilling
Dersom arrangementet skulle verta avlyst, er det viktig at Friluftsrådet får beskjed med ein gong. For å få full refusjon ved ein eventuell avbestilling, må dette skje seinast 30 dagar før utleigedato. Leigetakar må betale full leigepris ved avbestilling seinare enn 30 dagar før utleigedatoen
Adkomst
Køyring heilt fram til hytta er ikkje mogleg. Dei siste 200 meterane er på kjerreveg og stig. Bom i enden av bilvegen. Ved varetransport er det på innsida av bommen, plass til ein bil. Andre må parkere på P-plassane på Dalsmyra eller i Mildevågen og gå inn til Sandholna (sjå kart over området).
Utstyr og vann
Drikkevatn, bossekkar, grillkol og tennvæske må takast med! Det same må alt anna utstyr ein ynskjer å ha med.
Under opphald:
Ingen overnatting er tillatt
Dagsturhytte (overnatting er ikkje tillete) med enkel standard (mest for å ta tak over hovudet ved dårleg vêr)
Plass til ca. 30 Personer
Enkel sitje– og spiseplass for omlag 30 personar, den eine veggen kan opnast opp mot sjøen
Toalett
Utetoalett ved sidan av hytta (ta med toalettpapir, etc.)
Vann
Innlagt kaldt vatn (ikkje drikkevatn) og straum – venlegst ikkje la vatnet renne meir enn nødvendig, då vatnet kjem frå ein brønn, som vil gå tom om ein lèt vatnet renne for lenge. I tørre perioder kan huset være utan vatn.
Utstyr
Fast grill utvendig, kaffitraktar, kokeapparat med to plater og vasskokar (alt anna utstyr må takast med! T. d. dekkjety, så ta med eingongsutstyr).
Grilling
Grilling må berre hende utendørs; på kai- eller strandkanten, og ikkje i nærleiken av skog eller anna vegetasjon
Peis og vindu
Hytta har peis (ved må takast med). Det er lemmar for vindauga. Desse må setjast på plass før ein går frå hytta.
Musikkanlegg
Bruk av større musikkanlegg er ikkje tillete.
Tidsfrister
Arrangementet skal avsluttast innan kl. 22:00. Rydding/vasking skal gjerast ferdig til seinast kl. 24:00
Hissøyna (Hitsøy)
REGLAR OG INFORMASJON FOR LEIGE AV KYSTLEDHUSET - HOVDAHUSET I HISSØYNA FRILUFTSOMRÅDE I ØYGARDEN KOMMUNE
Utleigeføremålet er kystkultur, fiske og friluftsaktivitet. Hovedmålgruppe er barn og ungdom. Huset og området rundt vert først og fremst leigd ut til skular, barnehager, organisasjonar og lag. På oppsida av huset er det teltplass. Grill og bålpanne på oppsida av huset – lavvo finst i kjellaren. På grunn av brannforskriftene kan kun ni personer overnatte inne, ved fleire enn ni må det vere brannvakt.
I forkant
Under Opphold
Historie om huset
Fiskarbonden
Ved slutten av den siste istida i Noreg, vart det isfritt på Sotra for om lag 13000 år sidan. Då øyane smelta ut or isen, stod havet nærare 30 meter høgare enn i dag vest i Fjell, og høgare enn det på austsida. Dagens Hissøyna var då berre ein liten holme på om lag 8 meter høg. Ein kan sjå spor etter den siste issmeltinga som skuringsstriper i berget og ei jettegryte heilt vest på Løten. Arkeologiske feltarbeid på øya har påvist spor etter fangstfolk på Hissøyna for 7000 år sidan. Det er grunn til å tru at øya vart tidleg fast busett. Her er kort veg til gode fiskeplassar, og noko matjord finst det også. Første busetnad var truleg i høg-mellomalderen, det vil seia før 1350.
Dei første som busette seg her ute hadde eit tungt og tidkrevjande arbeid med å rydda gardbruk, fedrift og sjøbruk. Stadnamnet ”Heimstadvikja”, som ligg sørvest på øya, tyder på at her var truleg den første båtlendinga som vart nytta då dei første oppsitjarane etablerte seg på Hissøyna. Klyngjetunet vart naturlegvis reist i nord der matjorda var og der det var potensiale for å rydda og laga seg ei høveleg båthamn (Sanden). På 1600-talet er det framleis Krosskyrkja i Bergen som eig Hissøyna og granneøya Syltøyna, medan kongen no åtte Lokøyna, som før reformasjonen var eigd av biskopen i Bergen. Fem år seinare, i 1710 selde lagmann Knag heile garden til dei tre leiglendingane på Hissøyna.
Fiskarbonden
Småbåthamna i nord – Sanden – var i utgangspunktet ein sandgrunn dekka med steinar som issmeltinga hadde etterlete seg. Det har vore eit tungt og møysommeleg arbeid å rydda for steinar og laga bryggjer og båtstøer, før dei kunne reisa nausta sine. Det vart laga 3 båtstøer og ei langbryggje med ein steinpåle til fortøying av framfesta til robåane. (Langåra). No hadde dei ein trygg og lun båthann like i nærleiken av husa sine. Fiskarbonden budde nerast nidt i matfatet, berre ein kort rotur til dei mange gode fiskeplassane kring øya. I 1905 vart det halde utskifting over innmarka på Hissøyna. Her samdest brukarane om vegar, beiting, gjerdeplikt og liknande. Utskiftinga medførte at kvar brukar fekk dei mange småteigane sine samla i fleire større stykke. Alle brukarane bortsett frå bruk nr 3 flytta ut or gamlatunet, som låg der tunet til bruk nr 3 er i dag. Jordbruksteljinga 1939 vitnar at jorda framleis hadde sitt å seia for folket på Hissøyna. Her er registrert fem gardsbruk, alle med husdyr.
Folket på Hissøyna var etter lokal målestokk relativt velståande. Her var det laksevågar, hummarfiske og eigne losstasjon i omlag 100 år, frå ca 1790 til ca 1890. Folketalet auka utpå 1800 – talet. Her som andre stader var det ein svært høg barnedødelegheit. Etter at poteta kom til Fjell i 1820 åra, ser vi at denne vitaminrike rotfrukta truleg har reddar mange barneliv. Utpå 1920-talet hadde dei fleste fiskarbøndene på Hissøyna skaffa seg fiskebåtar med motor. No var fiskarane ikkje lenger bunde til å fisk i nærleiken av heinstaden og mange tok del i vintersildfisket på Island. Sjølv om det no var slutt på inntekter frå losing hadde dei tidvis gode inntekter frå lakse- og hummar fisket heilt fram til siste halvdel av 1960-talet. Dei viktige inntektskjeldene kom frå – i tillegg til det tradisjonelle heilårsfisket – laksefiske, hummarfiske og losing.
I losrullane frå andre halvdel av 1700-talet er Hissøyna oppført som eigen losstasjon. Den største lostrafikken gjekk føre seg i den første halvdel av 1800-talet og minka gradvis utover i ande halvdel. I enkelte periodar kunne det vera opptil 3 losar samstundes på øya. Det hendte at dei kapprodde for å koma først fram: Den lósen som først la handa på skutesida fekk retten til å losa skuta inn til Bergen. Fiskarbonden på Hissøyna held stand til utpå 1960 talet. Det hadde vore ei rivande utvikling i samfunnet etter den andre verdskrigen og den nye generasjonen såg seg om etter nye og meir attraktive levevegar.
Folket her sørvest i Fjell fekk passasjerbåtrute i 1961 mellom Møvika, Stora- sundet, Lokøyna, Flågo, Syltøyna og Hissøyna. Dette hindra ei forgubbing av øyane på 1960- og 70-talet. I desember 1987 vert båtruta nedlagt og alle øyane bortsett frå Hissøyna vart knyta saman med bruer.
I 1980 budde det 6 pensjonistar att på øya. I 1984 døyr Hjalmar Pedersen – den siste av i alt 9 sysken – alle ugifte – frå bruk nr 4 (Hovdana). Dei hadde ingen livsarvingar og staten arva då dette bruket som no disponerast av Bergen og Omland Friluftsråd.
Kjelde: Ove Mikal Kallestad 2016
Informasjon:
Praktisk om Huset
Huset er 1 1/2 etage med grunnflate 128 m2 og har kjøkken, to stuer med vedovner, to store og eit lite soverom, tre toalett, elektrisitet, varmt og kaldt vatn. Vaskerommet har servantar og dusj. Kjøkkenet er utstyrt med komfyr, kjøleskap, kaffetraktar, vannkokar og elles dekketøy til ca. 17 personar. Sovepose må ein ta med sjølve. Det er sengeplass til 20 stk.
Vatn
Vatnet frå brønnen kan ha usmak. Vatnet vert filtrert, men vi rår til å ta med drikkevatn til eige bruk. Kran for vatn frå tak eller brønn, og pumpe i teknisk rom i kjellaren er normalt på. Hvis ikkje ta kontakt med oppsynsmann Steinar Lønøy eller BOF.
Avbestilling
Dersom arrangementet skulle verta avlyst, er det viktig at Friluftsrådet får beskjed med ein gong. For å få full refusjon ved ein eventuell avbestilling, må dette skje seinast 30 dagar før utleigedato. Leigetakar må betale full leigepris ved avbestilling seinare enn 30 dagar før utleigedatoen
Adkomst og avreise
I Kylderen er det ein flytebrygge ved hovedkaien, som skal nyttast av besøkande til friluftsområdet. Følg skilta gangveg vidare til Hovdahuset. Tid for overlevering av huset er kl. 12:00, ankomstdag og avreisedag.
Kystlednaust
Nord i Sanden er det eit naust som er åpent, og som kan nyttast på førespurnad. Kystlednaustet sør vest i havnen Kylderen kan og nyttast, naustet er godt egna for kajakkpadlarar. Sjå kart på bof.no.
Viktig info
Hugs at regelen om fri ferdsle berre gjeld i utmark. Bruk merka gangveg og sti. Kart finst på http://www.vestkystparken.no og på informasjonstavla på kaien. All aktivitet bør haldast i områda merkt som friluftsområder i karta. Vis omsyn til dei som har bustad på øya. Det er sauer ute heile året, så hald hunden i band!
Utleigeprisar og vilkår
Framleige av huset er ikkje tillete. Utleigepris er kr. 1100 pr. døgn uansett antall. Dagleige er samme pris. Dei som leiger huset pliktar å rydda og gjere reint etter seg, også rundt huset. Hugs å ta med matrestar! Ikkje sett igjen mat. Ta kontakt med Friluftsrådets kontor dersom det er noko som ikkje er som det bør vera.
leie fra og til
Leigar kan leige for opp til syv dager i tida mai t.o.m september. Huset er normalt vinterstengt mellom 15. oktober og 15. april. Så langt det er praktisk mogeleg, hent nøkkel siste arbeidsdag før og lever nøkkel første arbeidsdag etter leigedato. Leige må være betalt før BOF leverer ut nøkkel.
Nøkkel
Nøkkel til huset får ein på Friluftsrådets kontor. Inngang gjennom kjellerdør på nedsida av huset. Nøkkel kan også hentes i nøkkelboksen på kaihuset på Hitsøy. Du må bestille kode for nøkkelboks fra BOF, med navn, booking dato fra og til. Kun betalte bookinger kan hente ut nøkkel.
Er ikkje nøkkel mottatt innen ei uke etter leigedato må leigetaker betale eit gebyr på kr. 1500. Dersom arrangementet vert avlyst skal Friluftsrådet ha melding med ein gong. Eventuell avbestilling må skje seinast 30 dager før utleigedato. Ved avbestilling seinare enn dette må det betalast full leige
Annen info
Meir informasjon om Hissøyna finn du i hyttepermen og på oppslag i huset. Det skal være ro i huset frå kl. 23.00. Leigetaker plikter å sette seg inn i brann og hyttereglene. Om du nyttar grill eller bålpanne framfor huset, hugs å lukke vinduer og dører. Sett grill eller bålpanne i god avstand frå døra. Røyk eller avgasser slår lett ut brannvarsleren i huset.
Under opphald:
Vann
Innlagt kaldt vatn (ikkje drikkevatn) og straum – venlegst ikkje la vatnet renne meir enn nødvendig, då vatnet kjem frå brønn eller takvatn, som vil gå tom om ein lèt vatnet renne for lenge. I tørre perioder kan huset være utan vatn.
Før avreise:
1. Støvsuge, vaske bad og gulvflater.
2. Sett varmekabler på 15 grader.
3. Reingjør kjøkken, tøm oppvaskmaskin og ta med all mat.
4. Grill og bålpanne som har vært i bruk, reingjerast.
5. Lavvo som har vært i bruk, kan evt. henges til tørk i naustet merket med kystledlogo, ved Sanden.
6. Sjekk at alle vinduer er lukka og haspene er på!
7. Sjekk at alle ytterdører er låst.
Grilling
Grilling må berre hende utendørs; på kai- eller strandkanten, og ikkje i nærleiken av skog eller anna vegetasjon.
Peis og vindu
Hytta har vedovner i begge stuene. Hugs å sjekke at alle vindu er lukket før avreise.
Musikkanlegg
Bruk av større musikkanlegg er ikkje tillete i huset.
Tidsfrister
Det skal vere ro i huset frå kl. 23.00.
Historie om huset
Frå fristad for flyktningar til friområde for alle
I krigsåra spela Skageneset ei viktig rolle for motstandsrørsla. Ei enkje med tre born budde her då. Ein lokal kontakt for heimefronten som kjende til Skageneset og visste at garden låg avsides til, fekk overtala enkja til å vera med å gøyma flyktningar som skulle vidare over Nordsjøen.
På under gjev ei av døtrene på Skageneset ei levande skildring av korleis familien opplevde krigsåra. Ingeborg Skagenes vart seinare heidra med deltakarmedaljen for innsatsen under krigen.
Skageneset 1940-1945
Eg stod på overgangen mellom barn og vaksen, 15 år gamal. Framtidsvonene var store, ei fin ungdomstid hadde eg framfor meg, trudde eg. Då med eitt, ein fin vårdag i april 1940, la det det seg brått ei kald og klam hand over meg, heimen min, bygda og heile landet vårt.
Den kalde handa kom i form av ei framand hærmakt som la landet vårt under seg. Våre eigne styresmakter kom på flukt, fortalde dei som var skikkeleg vaksne og fylgde med. Eg hugsar at eg var svært ottefull for korleis det skulle gå med kongen vår, kronprinsfamilien og dei små prinsessene og prinsen vår. Då vi høyrde at dei var komne vel over ”fjorden”, det vart eit uttrykk seinare, då vart eg glad.
Det vart mange lovendringar og restriksjonar og so rasjoneringa då. Det vart mindre og mindre og få kjøpt. Eg hadde tenkt å reisa til byen å få arbeid, det vart det ikkje noko av, det var for farleg med bombing og alle slags fårer, sa mor.
Me trudde frå fyrst av at krigen ikkje ville vara so lenge. Me tok feil, den varte og åra gjekk. Me hadde ikkje radio, men frå dei som hadde det, fekk me høyra at våre gode naboar over ”fjorden” slost saman med oss, og at krigen skulle me vinna.
So med eit hende det. Sjølvsagt hadde det hendt før, mange stader, langs heile kysten vår, det var berre me som ikkje hadde visst om det. Heimefront, undergrunnsrørsla, to ord som gav tru og von, ei velgjerande kjensle av at det hende noko.
No tok vi til å ana kvifor vi hadde høyrt at folk vart tekne av gestapo og torturert på det verste, tekne livet av også i verste fall. Heimefronten hadde greinar i alle retningar, også i bygda vår.
Dei som var kontaktar kjende til Skageneset og visste at det låg avsides til. Den fyrste kontaktmannen Mikkael Harkestad kom til oss i skymringa ein kveld. Mor kjende han ikkje, ho trudde frå først av at han var ute som spion.
Eg er åleine med tre born og vil ikkje ha noko med dette å gjera, var svaret ho gav. Mikkael gav seg ikkje so fort. Han fortalde at han hadde vore på fiske saman med far før i tida og hadde mange stubbar frå den tida.
Det enda med at mor kjende att desse historiane og skyna at mannen snakka sant og at han var ein god normann. Då han for frå oss med lovnad om at vi ville vera med å gjera det vi kunne i flykningetrafikken, satt mor att med eit stort problem. Vi borni hadde ikkje vore heime denne kvelden og kor mykje kunne ho fortelje oss om dette, og ville vi ha vit til å halda tett om det vi vart med på.
Alderen på oss var då ca. 17, 14 og 13 år. Det enda med at ho fortalde alt det vi trong å vite og let oss forstå kor fårleg dette var. Dei fyrste flyktningane kom. Ei mor med to gutar var dei fyrste. Gestapo var på jakt etter denne kvinna fordi mannen hennar hadde ”vore borti noko” som vi sa, og var reist til England.
Sidan kom det fleire, menn, kvinner og born, stundom fleire på ein gong. På det meste var det tretten rundt stovebordet utanom oss sjølve. Flykningane kom til Manger med rutebåten ”Varden” og der måtte dei hentast. So bar det oftast sjøvegen til Skageneset.
Dette var greit den tida på året det var mørkt om kveldane og båten var sein. Verre var det på sumarkveldane når sola stod høgt på himmelen. Då var det ofte eg som måtte ta robåten og fara avstad. Me meinte at ingen ville tru at ein jentunge var ute i ulovleg ærend.
Heime i Skageneset vart det eit spørsmål kvar vi skulle ta maten frå. Utkoma var heller dårleg frå før og med so mange munnar å mette vart det reint gale. Vi laga potetkakar og strilekaker og so for vi på alle butikkar som fanst rundt her for å kjøpa brød. Med det forbruket vi hadde når det gjalt brød var det altfor mistenkeleg å kjøpa alt på ein stad. Brød merker hadde vi nok av.
Og so den pengeløysa, vi hadde rett og slett ikkje pengar. Alt skulle koma frå dei to kyrne vi hadde og 10-15 høns. Vel var det lite å få kjøpt, men det vi hadde og setja på bordet til folk på slutten var så skralt at vi skjemdest. Mange gonger snakka vi om dette og kom til at vi måtte halda opp. Vi orka ikkje meir.
So banka det på døra att ein kveld og utanfor stod ein flokk menneske i livsfåre. Ja, ja. De får koma inn då sa mor. 105 personar for såleis gjennom våre dørar i krigens dagar. Dei skulle vidare, Shetland var målet og før dei var framme der var det ikkje slutt på fårane.
Frå Skageneset til Shetland var eit bra stykke veg å fara. Tyske vaktbåtar tråla fjorden på kryss og tvers og fly var på vingene til alle tider. Her laut brukast vit og list og lempe. Sterke armar laut dei ogso ha dei som skulle ro den første biten av vegen.
Ute i Øygarden var staden der ”Shetlandsbåten” kom inn i ly av nattemørket. Dei to robåtane våre var i flittig bruk. Den eine av desse båtane var stor og sterk, nesten ny. Den andre var mor litt redd for. Den var liten og lett, men særs godt egna for det vi eigentleg brukte den til, ro til handelsmannen og fiske til heimebruk. Øydelegg dei denne båten for meg, kan eg ikkje greia meg i Skageneset, sa mor.
Når veret var lageleg, var det råd å sigla over fjorden til Øygarden med nokre menneske i kvar båt. Ein garnhaug laut det likevel vera plass til, det skulle sjå ut som det var fiske dei dreiv med desse båtane. et kunne henda at veret var mindre lageleg, med regn og vind, kaldt kunne det ogso vera. Då var det vont å senda folk frå seg. Her kom dei gode ullteppa som mor hadde vevd godt med.
Når vi fekk dei heimatt bar dei tydelege merker etter sjøturen, ei blanding av sjøsprøyt og oppkast fortalde oss korleis gjestane våre hadde opplevd turen. Eg nemde at vi hadde 13 menneske på ein gong. Her var med ei lita jente ca. to år gamal. Då dei skulle fara tok det til å blåsa alt kvelden i førevegen. Det auka på utover natta og om morgonen var det uråd å fara med robåt til Øygarden.
Ein mann på Toska, Konrad Martinussen, vart redninga denne dagen. Han førde ei skøyte heimefronten hadde kjøpt. Heime hos oss stod tretten menneske og såg med gru ut gjennom vindauga, at dei kvidde seg for denne turen var tydeleg å sjå. Dei visste då heller ingenting om reiseruta.
At Konrad visste kva han gjorde fekk vi prov på då han losa skjøyta millom holmar, skjer og fluar, og sette bauen opp mot land på vestsida av Skageneset. Sjøen stod som ein røyk rundt oss der vi stod og prøvde å hjelpa folk ombord. Det tok tid for båten duva opp og ned og Konrad måtte bakka heile tida for at ikkje båten skulle ta skade av slag mot bergveggen. To karar tok småjenta som sat i sportsvogn mellom seg og ho kom vel ombord saman med dei andre. Over fjorden kom dei og velberga til Shetland, men kleda vi fekk heimatt den gongen var ikkje til å ta i.
Det låg liksom noko i lufta. Dei sparsome meldingane vi fekk sa oss at no ville ikkje krigen vara lenge. Hjå oss merkast det på det viset at det tok til å koma folk heimat frå England ogso. Tre karar fyrst. Dei for vidare og kort tid etter kom det ein mann. Han innstallerte seg på lemmen, med mykje apparat og leidningar.
Dagen etter tusla eg med noko på kjøkkenet. Mor var på åkeren og sette poteter. Då kom mannen ned frå loftet og gjekk ut, han braut den lova vi hadde sett og som hadde vore halden heile tida. Eg for etter han. Då stod han i gatedøra. Han hadde på seg Norsk uniform.
Det er over no, krigen er slutt. So gjekk han oppatt på loftet. Eg gret. Mor stod framleis i åkeren, eg måtte burt og fortelja henne dette. Ho vart heilt vitskremd. Det har rabla for mannen sa ho og sprang heim for å sjå til han. Han kjem til å gjera noko gale, heldt ho fram, medan ho sprang.
Nei han gjorde sovisst ikkje noko gale. Då vi kom opp på haugen bakom løa, såg vi norske flagg kring på gardane. Og fleire kom til etter kvart som nyheita spredde seg. Krigen var slutt.
Ingeborg Skagenes
I forkant:
Nøkkel
Nøkkel til huset må hentast på vårt kontor på Helleneset (Hellebakken 45, 5039 BERGEN) éin eller to dagar før utleigedato – opningstid kvardagar kl. 08-15. Det er og mogleg å få kode til nøkkelboks i uthuset. Ta kontakt med BOF på utleie@bof.no.
Leie lengde
Tid for overlevering av huset er kl. 12:00, ankomstdag og kl. 12 avreisedag. Leigetakar kan leige for maksimalt sju dagar i tida mai tom. september. Leigetid kan utvidast dersom det ikkje har meldt seg andre leigetakarar.
Avbestilling
Dersom arrangementet skulle verta avlyst, er det viktig at Friluftsrådet får beskjed med ein gong. For å få full refusjon ved ein eventuell avbestilling, må dette skje seinast 30 dagar før utleigedato.
Leigetakar må betale full leigepris ved avbestilling seinare enn 30 dagar før utleigedatoen.
Adkomst
Dei som kjem med bil må parkere på Manger. Stien til Skagenet er merket. Det er ikkje tillatt å parkere i Birkelandsvågen.
Informasjon om tilkomst–med turkort og kart, finst her.
Utstyr og vann
Hugs å ta med kjøkkenhandkle, vaskeklutar, sovepose og eventuelt laken og putevar, drikkevatn, stearinlys, toalettpapir og ved til eige bruk. Kjøkkenet har gassapparat for koking og enkelt kjøkkenutstyr. Ta med alt anna utstyr ein ynskjer å ha med!
Under opphald:
Informasjon
Våningshuset er ei tradisjonell vestlandsk lemstove med enkel standard. Huset har to stover i første høgda med eit lite kjøkken i midten. I eine stova er det spiseplass og vedomn, i den andre er det sofagruppe, spisebord og vedomn. I andre høgda er det to soverom med fire og 3 senger, totalt 7 sengeplasser. Hugs å ikkje bruke utesko inne.
Plass til 9 Personer
Maksimalt 9 personar kan overnatte inne (grunna brannforskrifter). Bruk evt. stor teltplass nedanfor hytta. På grunn av slått, vent med å sette opp telt til etter kl. 12 på leigedato.
Toalett
Det er utedo og vedskjul i uthuset.
Ikke strøm
Det er ikkje innlagt straum. Det er montert håndpumpe frå takvatn, som kan nyttast til golvvask og oppvask. Vatnet bør ikkje nyttast til drikke. Ta med eige drikkevatn!
Gasskomfyr
Gassbeholder til gasskomfyr er montert i skap på utsida av hytta. Ved bruk av gasskomfyr må beholderen kobles til, og bryteren for gass slås på.
Vedovn
Hugg småved, og bruk god trekk ved oppfyring i vedomn. Øks og sag finst i uthuset. Ta med ved til eige bruk.
Kajakk og robåt
Det ligg éin robåt og to tomannskajakkar i naustet. Ta med redningsvest for eige bruk.
Kajakker og robåt nyttast på eige ansvar.
Utstyr
Meld i frå om det er utstyr eller inventar som mangler i hus eller uthus. Utstyr og inventarliste henger på kjøkkenet.
Ettertid
Nøkkel skal leverast attende straks etter bruk. Nøkkel må leverast til Friluftsrådet innan ein veke etter leigedato, enten i kontortid (kvardagar kl. 08-15) eller i ein postkasse ved inngongsdøra til administrasjonsbygget. Leigetakar vert belast med eit gebyr på kr. 1.500, om nøkkel ikkje er motteke innan éi veke etter leigedato.
Horgo
REGLAR OG INFORMASJON VED LEIGE AV HUSET PÅ HORGO FRILUFTSOMRÅDE I AUSTEVOLL
Huset har kjøkken, stue, gang og vaskerom i 1. etasje og 5 soverom i 2. etasje. Grunna brannforskrifter vert huset leigd ut til maksimalt 9 personar. Sovepose, pute og eventuelt laken må ein sjølv ha med. Huset har innlagt vatn, men ikkje straum. Ta med stearinlys, lampeolje og eventuelt ved. På kjøkkenet er det kokeplate og kjøleskap med propangass, kokekar og dekketøy. Ta gjerne med kjøkkenhåndkle og vaskeklutar til eige bruk. I stova er det vedovn og parafinomn, elles inga oppvarming. Ved lengre opphald bør ein ta med ved og parafin. Vatnet kjem frå ein stilleståande dam, vi rår difor til at alt drikkevatn vert teke med. Det er utedo. Ta med toalettpapir. De som leiger kystledhuset, har ved behov rett til å disponere ein plass ved flytebrygga i Austrevågen.
I forkant
Under Opphold
Historie om huset
I 1955 bodde det 28 mennesker på Horgo, fordelt på seks familier som bodde i fire våningshus på tre gårdsbruk. I 1967 var øyen fraflyttet. Nordvestre del av øyen var grøftet og ryddet til innmark for grasproduksjon, og her var de tre gårdsbrukene plassert. Folket som bodde her, levde som fiskerbønder. En fordel med å bosette seg på nordvestsiden av Horgo var at når man levde som fiskerbonde, kunne en observere fuglene og se når det var fisk i havet. En høy steingard mellom Austrevågen og Vaulavågen skiller den nordvestre delen av øyen fra utmarken.
Utleiehuset “Martin-huset” ble bygget i 1912 i sveitserstil. Da “gardbrukar, bygselmann og fiskar” Ole Larsen Horgen (1841-1926) og konen Synneve Johannesdatter (1829-1915) bodde på dette bruket med sine to barn i 1865 hadde de 7 kyr, 5 sauer og 1 geit og de sådde 300 kg havre og satte 300 kg poteter. Elste sønnen, Lars Johan Olsen Horgen (1863-1939), som kalte seg “gardbrukar og fiskar”, har i 1906 overtatt bruket. Han gifter seg med Cecilie Gjertine Abrahamsdatter (1862-1948). De får ti barn.
Eldste sønn, Ole Martin Larsen Horgen (1887-1971), tjente i kongens garde før han dro til Amerika og jobbet på jernbaneanlegg i 4-5 år. Da Ole Marin kom hjem igjen i 1912 bygger han seg nytt hus for pengene han har tjent. Det tidligere eldre huset var smalere og lavere, på omtrent 5×8,7 meter i grunnflate. Nå bygget han et mye bredere hus i sveitserstil med stor ark. Ole Martin gifter seg i 1912 med Elen Johanna Jakobsdatter (1885-1946) fra Håland i Tysvær, og de får 6 barn. Eldste sønn dør rett etter fødselen.
Nesteldste sønn Jakob Haaland (1915-1993) overtok eiendommen men kunne på grunn av sterk allergi ikke drive gården. Han bodde på Horgo til rundt 1942, og drev fiske. Jacob ble etterhvert mekaniker og giftet seg i 1947 med Gurine Salomonsdatter Horgen (1927-2014) fra “Salomon-huset” og drar til Bergen hvor han jobbet på Sabb motorfabrikk på Damsgård.
Lars Olsen Horgen (1923-1995) var den siste som bodde fast i “Martin huset”. Lars O. startet mekanisk verksted i Vestrevågen på Horgo hvor han for hånd (uten strøm) produserte varmeapparat for drivhus, som han kalte “Horgen-brenneren”. Det var lite å tjene på verkstedet, så Lars O. solgte konseptet til Landbrukets og Gartnernes felleskjøp) i Bergen (LOG).
Lars O. sin onkel Abraham kjøpte den første Sabb motoren i 1925. Den var han så fornøyet med at han ble agent for Sabb’en. Dette agenturet overtok Lars O. senere. Han overtok onkelen sin motorbåt “Vito”. Båten gikk som doktorbåt og melkerute, og senere som skoleskyss, postrute og skysstrafikk mellom øyene. Etter hvert fikk Lars O. tilnavnet “Skyss-Horgen”.
Kilde: Historisk hefte om Horgo, utarbeidet av Helge Jensen – basert blant annet på lokale informanter og bygdebøkene i Austevoll.
Informasjon
Nøkkel
Nøkkel kan hentast hos BOF siste arbeidsdag før og leverast første arbeidsdag etter leigedato. Det er og mogeleg å få kode til nøkkelboks ved hytta. Ta i så fall kontakt med BOF på utleie@bof.no.
Utleigeprisar og vilkår:
Overnatting kr. 500 per. dag. Leigar kan leige for maksimalt sju dagar i tida mai tom. september. Leigetid kan utvidast dersom det ikkje har meldt seg andre leigetakarar. Avbestillingsfrist er 30 dagar før leigedato. Dei som leiger huset pliktar å rydda og gjere reint etter seg. Hugs å ta med matrestar! Forlat huset slik du sjølv ynskjer å finne det. Ta kontakt med Friluftsrådets kontor dersom det er noko som ikkje er som det bør vere. Tid for overlevering av hytta er kl. 12:00.
Avbestilling
Dersom arrangementet vert avlyst skal Friluftsrådet ha melding med ein gong. Eventuell avbestilling må skje seinast 30 dagar før utleigedato. Ved avbestilling seinare enn dette må det betalast full leige.
Leigetakar må betale full leigepris ved avbestilling seinare enn 30 dagar før utleigedatoen.
"FRILUFTSHUSET" (GRILLHUSET) I KOLLEVÅG
REGLAR OG INFORMASJON VED LEIGE AV FRILUFTSHUSET
Leige av “friluftshuset” til arrangement på kveldstid eller dagtid. NB! Bestilling på web utenfor kontortid og i helgene – vert ikkje svart på før neste arbeidsdag.
Nøkkel må hentes på Helleneset. Kontoret er åpent mandag til fredag mellom kl 8 og 15. Alternativt, ta kontakt med BOF og få kode til nøkkelboks ved bommen ned til friluftshuset i Kollevåg.
Leige gjeld berre huset og platting utanfor. Framleige av huset er ikkje tillete.
Historien om Kollevåg
Frå bossfylling til friluftsområde
Frå 1938 til 1975 vart det fylt store mengder boss i Kollevågen. Ein god del av bosset frå Bergen by hamna her. Fyllinga var opptil 20 meter høg, og mykje vart dumpa under vatn i vågen. Då fyllinga vart nedlagd, var tida komen for å realisera eit kommunestyrevedtak om å gjera staden til friluftsområde.
I 1978 vart det lagt not og jord over fyllinga, og sidan sådd til. Det var svært vellukka, og i 1983 vart friluftsområdet opna.
Ei uvanleg bruksendring av ei bossfylling var det. Den einaste som kanskje ikkje var så glad for utviklinga, var hubroen som heldt til i nærleiken. Rottene, kråkene og måsane som hubroen henta frå fyllinga, var kanskje ikkje helsekost, men det var lettvint tilgang på mat året rundt. At hubro etablerer revir ved slike stader, er velkjent frå mange andre norske søppelfyllingar.
Ei tildekking av ei gammal bossfylling – ingen veit heilt kva som løyner seg her – er inga enkel løysning. Bølgjene har i ettertid vaska fram att noko av bosset. Sedimenta på sjøbotnen inneheld òg miljøgifter, og lokalt er fisk og skjel ureina. Sjølv om området no blir nytta til bading, er det heilt klart trong for nye og kostbare tiltak for å betra tilhøva.
Det finst for høge verdiar av fleire miljøgifter i fjordsystema kring Bergen i dag. Det er derfor ikkje lov å omsetja enkelte fiskeslag som er fanga i dei mest utsette farvatna.
Gamle miljøsynder ved tidlegare fyllingar i Bergensområdet er ei viktig årsak til dette. Nye undersøkingar ved Kollevågen har synt at giftstoffa ikkje spreier seg langt. Likevel er det viktig å utbetra tilhøva også her. I 2005 vart det gamle avfallsdeponiet på nytt tildekka og tildekkinga vart på nytt oppdatert i 2018. Bergen og Omland Friluftsråd, som driv friluftsområdet, reknar Kollevågen som eit av dei flottaste friluftsområda i regionen i dag.
Miljøgifter
Fleire av miljøgiftene som finst i gamle bossdeponi, er forbodne i Noreg i dag. Det dreiar seg mellom anna om PCB (forbode sidan 1980; PCB frå industrien skal i dag eksporterast for destruksjon) og DDT (sterkt avgrensa i bruk sidan 1969, all bruk i Noreg stansa frå 1985).
Det kjem òg ein del PAH (polysykliske aromatiske hydrokarbon) frå gamle fyllingar. PAH er kreftframkallande og svært giftig. I PAH-påverka fjordsystem er det ofte restriksjonar på inntak av mellom anna skaldyr. Alle slike miljøgifter blir seint nedbrotne i naturen.
Kjelde: Grind.no
I forkant:
Nøkkel
Nøkkel til bom, reiskapsbod og sikringsskåp må hentast på våre kontor på Helleneset (Hellebakken 45, 5039 BERGEN) éin eller to dagar før utleigedato – opningstid kvardagar kl. 08-15. Evt. kan kode til nøkkelboks ved bom tingjast hjå BOF, send e-post til utleie@bof.no.
Vakthald
Leigetakar er sjølv ansvarleg for vakthald under arrangementet og må sjølv ta ansvar for å ta hand om bråk frå utanforståande, som måtte hemme/hindre avvikling av arrangementet.
Avbestilling
Dersom arrangementet skulle verta avlyst, er det viktig at Friluftsrådet får beskjed med ein gong. For å få full refusjon ved ein eventuell avbestilling, må dette skje seinast 30 dagar før utleigedato.
Leigetakar må betale full leigepris ved avbestilling seinare enn 30 dagar før utleigedatoen.
Adkomst
Dersom det er behov for transport med bil/buss, kan vegbommen i enden av parkeringsplassen opnast med nøkkel frå Friluftsrådet. Etter transport skal køyretyet køyrast til parkeringsplassen og bommen låsast.
Utstyr og vatn
Bossekkar, grillkol og tennvæske må takast med! Det same må alt anna utstyr ein ynskjer å ha med.
Under opphald:
Informasjon
Skilt som gjer merksam på at huset er leigd ut, finn du i boden. Plakaten kan henges ved inngangen til huset. Bruk av større musikkanlegg ved leige er ikkje tillete, og musikk skal vere avslutta seinast kl. 23:00.
Sitjeplass til ca. 100 stk.
Inne i huset er det 4 store grillar og sitjeplass for ca 100 personar.
Toalett
Toalettet er eit dobbelt utetoalett (utedo) uten vatn. Ta med toalettpapir og antibac til eige bruk.
Vatn
Pumpe med vatn frå tank på utsida av huset finst i skap under sikringsskapet. Slange kan koplast på for spyling av gulv.
Vatnet er ikkje godkjent som drikkevatn, ta med drikkevatn til eige forbruk.
Grill og lys
Brytar for lys og avtrekk til grillar finst i sikringsskåp (uttak av straum) ved inngong til huset.
Presenningar
Huset er “opent”, dvs. at det kan verta kjøleg dersom ein ikkje har med seg tilstrekkeleg påkleding. For å bøte på trekken kan det monterast presenningar som finst i boden. Presenningane er merka med same nummer som rett vindauge i huset.
Rydding og vasking
Leigetakar må rydde/vaske same dag (innan kl. 24:00, eventuelt utover natta. Det skal vere rydda/vaska seinest kl. 10:00 neste morgon. Rydding gjeld heile området som er nytta, mens vasking gjeld friluftshuset og platting utanfor. Golvet skal kostast eller spylast). Ved mangelfull opprydding vert leigetakar belasta med eit gebyr på kr. 2.000,-
Utstyr og Boss
Utstyr for rydding/vasking finst i reiskapsboden. Ved større arrangement, rydd og ta med alt boss! Ikkje bruk bosskonteinarane ved huset, då dei berre er meint for besøkjande til friluftsområdet (begrensa plasskapasitet).
I Ettertid
Nøkkel skal leverast attende straks etter bruk, eller legges tilbake i nøkkelboks ved bommen. Nøkkel må leverast til Friluftsrådet innan ein veke etter leigedato, enten i kontortid (kvardagar kl. 08-15) eller i ein postkasse ved inngongsdøra til administrasjonsbygget. Leigetakar vert belast med eit gebyr på kr. 1.500, om nøkkel ikkje er motteke innan éi veke etter leigedato.
Lønøy (Løno)
REGLAR OG INFORMASJON VED LEIGE AV Løno
Løno ligg vest i havet frå Møvik i Fjell kommune. Øya er ei av dei vestlegaste i skjergarden til Sotra og Øygarden. Området rundt øya er ope og vêrhardt og det krevst godt vêr for å nå ut til friluftsområdet. Om du nyttar nokre dagar på Løno, må du vere budd på at vêret kan endre seg fort slik at det kan verte vanskeleg å ta seg attende til fastlandet.
I forkant
Under Opphold
Historie om huset
Uthamn og sjøfuglreservat
Småbåtfolket i Hordaland veit kvar Løno ligg. Det same gjer mange sjøfuglar. Med storhavet i ryggen og ein vid, vêrhard os i famnen er Løno eit av Hordalands mest isolerte og vêrharde friluftsområde. Øya og holmegrannane vest for Sotra er ein av fylkets mest stabile hekkelokalitetar for sjøfugl.
Fuglane har ikkje berre førsteretten, dei har òg visst å starta Løno-sesongen før småbåtflåten har pussa fjørene og gjort seg sjødyktige etter vinteren. Når så langt lir, blir det ein viss konkurranse om leverommet i havkanten.
Sjøfuglane har styresmaktene på si side; i 1987 vart dei sørvestlege delane av Løno og nokre av småøyane utanfor verna som naturreservat. I vernesona er det ferdsleforbod i hekkesesongen, frå 15. april til 1. august.
Sjølvberging i Havgapet
Det var fastbuande på Løno i perioden 1845–1951. På det meste var det seks gardsbruk og 50 bufaste, med eigen skule. Jorda var ikkje nett lettdyrka, og bruka var små og tungdrivne. Men kystbøndene visste å nytta ressursane, øyfolket var sjølvforsynte med poteter, grønsaker og fôr til dyra.
Det står hustufter og nokre steingardar att frå landnåmstida ute i havet. Det går framleis sauer i marka på Løno, og på den måten blir litt av den gamle kulturen halden i hevd. Utegangarsauene er «fastbuande», dei finn vegetasjon som er eigna å beita på både sommar og vinter.
Om sommaren går nok dyra helst i grasmarka nord og vest på Løno, medan søraustsida, som er dekt med lynghei, er det viktigaste beiteområdet om vinteren. Lyngheia er i god stand, utan buskar og kratt. Fleire strandplanter veks i heia innpå øya, og gjerne i små pyttar med brakkvatn.
Kjelde: Grind.no
Informasjon
Nøkkel
Nøkkel skal hentast hos BOF siste arbeidsdag før og leverast første arbeidsdag etter leigedato.
Utleigeprisar og vilkår:
Dei som leiger huset pliktar å rydde og gjere reint etter seg.
Utleigeprisar: Overnatting koster kr. 400 per døgn. Tid for overlevering av hytta er kl. 12:00.
Avbestilling
Dersom arrangementet vert avlyst skal Friluftsrådet ha melding med ein gong. Eventuell avbestilling må skje seinast 30 dagar før utleigedato. Ved avbestilling seinare enn dette må det betalast full leige.
Leigetakar må betale full leigepris ved avbestilling seinare enn 30 dagar før utleigedatoen.
Informasjon
Huset har meget enkel standard med kjøkken, to stover og to soverom. Det er ikkje elektrisitet eller innlagt vatn. Kjøkkenet er utstyrt med gass til koking, gryter og litt dekketøy. I stova er det vedovn, ta med ved til eige bruk.
Do
Det er kaggedo på utsida av hytta.
Utstyr og vann
Soveromma har senger til fem personar. Ta med sovepose, kjøkkenhandkle og klutar til eige bruk. Vatn frå kran utanfor huset er frå i brønnen ovanfor hytta, vatnet er ueigna som drikkevatn. Hugs difor å ta med drikkevatn til eige bruk. Nøkkel til tappekran henger på kjøkkenet.
Informasjon om oss
Navn: Bergen og Omland Friluftsråd Kommunalt Oppgavefellesskap (BOF)
Mail: Firmapost@bof.no
Tlf: 55 39 29 50
Org. nr: 871426732
Avbestilling, ombooking og div
Booking og ombooking: Utleie må søkes om avbestilling og ombooking minst 30 dager før ønsket overnatting/leieperiode.
Ved kjøp av BOF sine produkter: foreligger det standard angrerett ved salg, se link nederst på siden.
Betaling og levering
Betaling: All betaling skjer via nettsiden. Vi bruker Vipps som betalingsmetode og faktura dersom det er behov. Levering: All netthandel hentes på Hellebakken 45, 5039 Bergen. Vi kan sende via post dersom dette er spesifisert. Ta kontakt med oss per mail dersom dette er ønskelig.