Løno (Lønøy)

0 Anmeldelser

Rated 0 out of 5.
Skrive en omtale
Løno ligg vest i havet frå Møvik i Fjell kommune. Øya er ei av dei vestligaste i skjærgarden til Sotra og Øygarden. Friluftsrådet er eigar eller medeigar i ca. 6/7 av arealet. Det var fast busetnad på Løno til ut på 1950-talet. No står for det meste berre grunnmurar att. Friluftsrådet forvaltar eit bustadhus og eit naust på øya. Rundt øya er det rikt fiske. Der er ei skjerma hamn, men innløpet er noko vanskeleg og er best frå sør – søraust. Farvatnet rundt øya er noko ureint. Offentleg kai i ytre del av Lønovågen. Kaien skal kun nyttast til av og påstigning. Bruk fortøyningboltane. Klatrefelt nord i Lønovågen. Informasjonstavle ved kaien.
Det går sau ute hele året. Hald hunden i band. I tida 15. april til 1. august er det forbod mot å ferdast i sjøfuglreservatet, sør på øya. I friluftsområdet ligg det ein turboks, ein av 16 geocacher som BOF har lagt ut i våre medlemskommuner. Området rundt øya er ope og værhardt og det krevst godt vær for å nå ut til friluftsområdet. Om du nyttar nokre dagar på Løno, må du vere budd på at været kan forandre seg fort slik at det kan verte vanskeleg å ta seg attende til fastlandet. Det er fint å gå tur på øya.

Leige av huset på Løno

Det siste gjenståande huset på øya vert forvalta av BOF. Huset er gamalt og har enkel standard. Huset har kjøkken, to stover og to soverom.

  • Det er ikkje elektrisitet eller innlagd vatn.
  • Kjøkkenet er utstyrt med gass til koking, gryter og litt dekketøy.
  • Soveromma har senger til fem personer.
  • Ta med sovepose.
  • Vatn i kran på utsida av huset. Vatnet er frå brønnen ovanfor hytta er ueigna som drikkevatn.
  • Husk difor å ta med drikkevatn til eige bruk.
  • I perioden 15. oktober til 15. april er hytten vinterstengt.
-Husk at nøkkel til Løno på førehand må hentast på BOF sitt kontor på Helleneset! 

Pris frå: kr400 pr. døgn

Detaljer

Tilgjengelegheit

Reservasjonsskjema

Påkravde felt er merka med *



Reserve of 1 available accommodations.

Løno (Lønøy) er tilgjengeleg for valgt periode.

0 Anmeldelser

Rated 0 out of 5.
Skrive en omtale

Review "Løno (Lønøy)"

Det er ingen anmeldelser ennå.