Bergen og Omland Friluftsråd

SKAGENESET

Informasjon

Om Huset

Våningshuset på det tidlegere småbruket vert leigd ut og har to stover i første høgda med eit lite kjøkken i midten. Kjøkkenet har gassapparat for koking og enkelt kjøkenutstyr. I andre høgda er det to soverom med 8 senger.

  • Huset har ikkje straum.
  • Det er lagt inn takvatn med manuell pumpe til kjøkkenet.
  • Vatnet er ikkje godkjent som drikkevatn, hugs difor å ta med vatn til eige bruk.
  • Det er ikkje sengetøy i hytta, ta med sovepose.
  • Naust med robåt og to tomannskajakker følgjer med ved utleige, hugs å ta med redningsvest.
  • Ved naustet er det ei romsleg trekai og ved kaia er det satt opp bord og benk.
  • Området er og godt egna for telting. BOF leier ut lavvo og tretelt.
  • I perioden 15. oktober til 15. april er huset vinterstengt.
  • Tid for overlevering av huset er kl. 12:00.
  • Pris per døgn: kr. 750,-.
  • Hugs å hent nøkkel på førehand på vårt kontor på Helleneset (opent kvardagar mellom kl. 08:00 og 15:00). På Skageneset kan ein òg be om kode til nøkkelboks, slik at ein får henta ut nøkkel på staden. Då må ein kontakte oss på e-post: utleie@bof.no og be om kode. Hugs å opplys oss om tidspunktet ein har tenkt å kome og reise, då kodane følgjer tidsintervall.
  • Mer informasjon om booking og utleieregler finner du her.

Atkomst og parkering

  • Parkering ved det gamle rådhuset i Manger, eller langs Toskavegen. Følg merka sti vidare gjennom utmarka til Skageneset.
  • Hvis du ikkje har vore på Skageneset før, rår vi til å laste ned digitalt turkart som er utarbeid for området.
  • NB! Ikke parker i Byrkjelandsvågen.

Tilgjengelighet

Påkravde felt er merka med *



Reserve of 1 available accommodations.

Skageneset er tilgjengeleg for valgt periode.

Kart

Anmeldelser

0 Anmeldelser

Rated 0 out of 5.

Review "Skageneset"